Sentralshow med Gry & Gro

Arrangementsinformasjon

Sentralshow med Gry og Gro byr som vanleg på underhalding, humor, alvor, det uutalte som alle tenker på, og fabelaktige gjester i salongen på scena. På sjølvaste valentinsdagen, er det mellom anna trekløveret bak OFF; Odda For Faen, som inntar sofaen mellom Gry & Gro. Det vert på ingen måte noko kliss frå scena, då det er delte meinigar i OFF om konseptet "valentinsdagen", men alle har kjærleik og elsk som vil kome publikum til gode.

Det blir sjølvsagt servering i den beste baren i Ullensvang kommune, før- under og etter sentralshowet.

Den perfekte date; ut og lufte bestefar, smiske med svigermor, venne, og på tide at naboen kjem seg ut-kveld, med 2 billettar for prisen av 1. Kjærleiksserum og andre elskverdige drinkar i baren.

Arrangementet går av stabelen i den raude sal i 2. etasje. Etter sentralshowet held festkvelden fram, og vi gler oss til å sjå deg + 1! Dørene opnar kl 19.00. Aldersgrense 20 år.

odda
oddaoddaodda
litthusodda

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje.