Vetlagraut: Over havet til Amerika!
Forteljarstund, mini-utstilling og ope hus for barn og familiar.
Informasjon
Over havet til Amerika!
Anne Elisebeth Skogen kjem til Sentralbadet litteraturhus for å fortelje frå boka "Over havet til Amerika" - som handlar om det første norske utvandrarfølgjet som forlet Noreg sommaren 1825 i ei overfylt seglskute.
Skogen fortel for barn om den sanne, og litt dramatiske, historia - og har med seg bilete av akvarellane frå boka.
Kafeen er open, teiknesakene står framme - og alle barn og familiar er velkomne!