page view image

Tom Roger Aadland

Tom Roger Aadland feirar tjue år som artist med albumslepp og landsomfattande turné hausten 2024. Onsdag 13. november besøker han Odda og Sentralbadet Litteraturhus. På programmet står hans eigne kritikarroste låtar, Dylan på nynorsk, og eit utval songar han har skrive saman med andre opp gjennom åra (Hellbillies, Vamp, Kjartan Fløgstad m.fl.).

Informasjon
event image

Det nye albumet (utgjeving fredag 13. september) har tittelen «Lysvandring», og inneheld ni nye låtar som Tom Roger har spelt inn åleine med gitaren.

«Tom Roger Aadland er en norsk musikalsk skatt som burde vært allemannseie», skreiv hi-fi-magasinet Stereo+ då fjorårsalbumet «Skyer» kom ut. Plata hausta mykje kritikarros, og blei nominert til årets album av Norsk Americana Forum. Ei rekkje av Aadland sine songar har blitt radiofavorittar, og mange kjenner nok igjen låtar som «Alle dei i ei» og «Min beste ven på ein dårleg dag».

Tom Roger Aadland er framleis på vegen – og framleis på veg. Han er kjent som ein energisk utøvar med ei spesiell evne til å formidle innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scenen. Det er duka for ei musikalsk feststund på Sentralbadet.

KRITIKKAR:

SKYER (2023) «Levende, ærlig, vakkert, sterkt og personlig ... Aadlands fineste så langt»

The Wilhelmsens terningkast 6

«Overskuddspreget, lekent - ‘Skyer’ er Tom Roger Aadlands beste plate»

Erik Valebrokk terningkast 6