page view image

Drikk og teikn!

Informasjon
event image

Er du interessert i å utforska di kunstnariske side i ei avslappa og sosial setting? Bli med på "Drikk og teikn" saman med kunstnar Vilde Takla på Sentralbadet Litteraturhus!


“Drikk og teikn" er til for å kombinera gleda ved å skapa illustrasjonar i eit sosialt samvær. Anten du er ein erfaren teiknar, nybyrjar, eller berre nysgjerrig så vil kurset by på ei unik og hyggjeleg oppleving for alle ferdigheitsnivå. Dette passar for alle!


Deltakarane får høvet til å eksperimentera med ulike kunstmedium i ein avslappande atmosfære som oppmuntrar til kreative uttrykk i ein sosial setting. Baren er ope for kaffi, te og eit heilt spekter av anna morro!


Inngangsbillett / påmelding kostar 200,- og inkluderer alt utstyr som trengst for kurset.

Billettar finn du i linken eller på www.litthusodda.no

Velkomen!


Om kunstnar / kursholder

Med opphav frå dei naturskjønne fjordane i Hardanger, flytta Vilde tilbake til Ullensvang etter å ha studert design i Bergen i ei årrekkje. Gjennom heile karrieren har ho hatt mange roller. Frå malar, illustratør og skreddar, som alle har næret den djupe kjærleiken hennar for kunst, til forskingsarbeid og feltarbeid med fokus på miljø og berekraft. Ho fullførte ei mastergrad i design ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) i Bergen, med vellykka avgang våren 2023. Desse varierte erfaringane har dyrka forståinga hennar for innverknaden til kunsten på kreativitet, samband i verda, og personleg vekst. Vilde jobbar som lærer og designar/illustratør i Hardanger, Ullensvang - som er perfekt plassert mellom to ikoniske nasjonalparkar.

drikk og teikn odda litteraturhus sentralbadet sentralbadetlitteraturhus vilde takla