Språksalong: Nye språk i Norge

Arrangementsinformasjon
OBS: VI ØNSKER AT DET BLIR KJØPT EIN OG EIN BILLETT DÅ VI ER PÅLAGT Å HA NAMNELISTER PÅ SAMTLEGE I LOKALET. VISS EIN PERSON KJØPER BILLETTAR TIL FLEIRE MÅ VEDKOMMANDE SENDE SMS TIL 99 58 68 95 MED NAMN PÅ ALLE SOM SKAL HA BILLETTAR.

Pål Kristian Eriksen er språkelskar, multilingvist og forfattar av boka "Nye språk i Norge: En språkodyssé". Han kjem til litteraturhuset for å gi oss ei entusiastisk innføring i nokre av dei nye språka som finst i Norge i dag.

Visste du at tyrkisk spreidde seg med eit ridande nomadefolk som ikkje berre snakka eit velklingande språk, men også hadde ein særleg kjærleik for gjæra hoppemelk, at somaliarane på 1960-talet måtte velge mellom atten ulike skriftspråk, og at det ikkje nyttar å lære seg arabisk utan å mestre eit hellt batteri av bisarre strupelydar? 

Visste du at språket dari, det dei fleste afghanarar i Norge snakkar, eigentleg er ei dialekt av persisk? At pakistanarar flest snakkar panjabi, sjølv om urdu (og engelsk) er landet sine offisielle språk, og at urdu og det indiske hindi i praksis er eitt og same språk, bare skrive med to ulike alfabet? Og at desse språka stammar fra same urspråk som norsk? 

Velkommen til språksalong!

odda
oddaoddaodda
litthusodda
språk

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.