AVLYST: Påskekrim: Chris Tvedt

Arrangementsinformasjon
ARRANGEMENTET ER AVLYST PGA SMITTEFAREN RUNDT KORONA-VIRUSET.
FØREHANDSKJØPTE BILLETTAR VIL BLI REFUNDERT FRÅ TICKETCO.
_____________________________________________________________________

Vi ladar opp til påsken med krimkveld på Litteraturhuset!

Forfattar og bergensar Chris Tvedt har bakgrunn som advokat med 20 års erfaring frå rettsalane, og fekk braksuksess då han byrja å skrive krimbøker. Mange norske og utanlandske lesarar har fått eit forhold til forsvarsadvokaten Mikael Brenne og Kripos-etterforskaren Edvard Matre, som begge kjem bort i kaldblodige mord og mystiske krimgåter, ofte med handlinga satt til Bergen.
 
Tvedt møter Guro Kvalnes til samtale om krimheltar, skurkar og nokre hemmeligheiter frå skrivearbeidet. Korleis pønskar ein ut intrikate krimplot? Kor hentar ein inspirasjon frå? Er det annleis å skrive krim frå Bergen, enn andre stader? Vi garanterar passelig grøssande stemning som ei kickstart på påskeferien.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje