page view image

Heilaften med BRECHT

Arrangementsinformasjon
event image

PROGRAMPRESENTASJON LITTERATURYSMPOSIET I ODDA 2022 KL. 18.00


VIGDIS HJORT: Å SKRIVE MED BRECHT  KL. 19.00

Korleis skrive, i samtale med alle dei som har skrive før deg? Vigdis Hjort har gjennom fleire bøker vist stor interesse for dramatikaren og forfattaren Bertolt Brecht. Ho kjem til litteraturhuset for å snakka om eiga skriving – og korleis politikk og filosofi konstant siv inn i karakterane sine eksistensielle kvalar i romanane. Korleis ser det ut, når ein tek med seg gamle tankar inn i ei ny tid og ei ny røynd? Vigdis Hjort vil samtale, og lese frå eigne tekstar.


TILBUD OG ETTERSPØRSEL  KL.20.00

– Ein musikalsk heilaften med Brecht

Bør verda omorganiserast? Kva er verst, å eige ein bank – eller å rane ein bank?

Gruppa Tilbudogetterspørsel dykkar ned i fleire evig aktuelle politiske spørsmål, med utgangspunkt i tekstane til forfattar og dramatikar Bertolt Brecht.

Brecht ville revolusjonere både teateret og verda, og klarte i alle fall det første. Han har hatt stor betyding for forfattarar og kunstnarar etter han, og kritikken han retta mot samfunnet vil fleire meine er like aktuell i dag.

I denne konsertforestillinga blir Brecht handsama på poetisk og spenstig vis. Vigdis Hjort les, Espen Leite speler trekkspel, Ruth Meyer syng – og Jørn Simen Øverli speler gitar, og har stått for gjendiktinga av dei fleste tekstane som inngår i stykket.