page view image

Drikk & teikn; Haustnatt!

Vi gjentar det populære arrangementet "Drikk og teikn". Dette vert haustens einaste Drikk og Teikn, som vert temabasert og ein del av heilhus-festen "Haustnatt" på Sentralbadet.

Inngangsbillett / påmelding kostar 150,- og inkluderer alt utstyr som trengst for kurset. Programmet resten av kvelden er gratis.

Velkomen!

Huset opner: 17.00
Drikk og Teikn: 19.00 - 21.00
Dunbarrow: 22.00 - 23.00
DJ Dunbarrow: 23.00 - 02.30

Informasjon
event image

Dunbarrow er bandet som gjennom eit tiår har smidd saman sitt eige karakteristiske uttrykk innan tungrocken. Med inspirasjon frå upolerte demo-taper frå 70-talet og svensk throwback-rock frå 2000-talet, konstruerar Dunbarrow hardtslåande låter utført med list som både fengar og overraskar.

Etter eit kort opphald frå konsertar i 2023 er bandet no klare for å servere nytt og gamalt materiale i ei sæle som svir.