page view image

TOM ROGER AADLAND: KONSERT

EVENT INFORMATION
event image

Tom Roger Aadland held konsert på Sentralbadet i Odda torsdag 29. september.

Rockepoeten Tom Roger Aadlands nye album «Motgift» – hans niande – har fått
strålande kritikkar. «De beste låtene her er de såreste og sterkeste han
noen gang har skrevet på egen hånd», hevdar Aftenposten. «Aadland fortsetter
å imponere både som sanger og låtskriver», skriv Dagsavisen. Vårt Land
meiner albumet er ein «hestekur mot likegyldighet og overfladiskhet», og
Stavanger Aftenblad kallar det ein «reseptfri kur mot det vonde».

Aadland sitt førre studioalbum «Songfugl» fekk også ei flott mottaking, og
singelen «Alle dei i ei» blei mykje spelt på P1. For tida er Aadland aktuell
på Det Norske Teatret, der Dylan-gjendiktingane hans gjer suksess i
framsyninga «Vikla inn i blått». «Blondt i blondt» (Dylans Blonde on Blonde
gjendikta) ble kåra til årets album av P1 Norsk på norsk i 2016. Aadland er
også kjent som tekstforfatter for Hellbillies, Vamp og Marion Ravn.

Dylan-gjendiktningene hans har treft mange, og då den nye biskopen i
Stavanger blei vigsla, var Dylan sunge av Aadland det musikalske ønsket
hennar og H.M. Kongen blant tilhøyrarane. Tom Roger Aadland er framleis på
vegen – og framleis på veg. Han er kjent som ein energisk utøvar med ei
spesiell evne til å formidle innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for
alltid å levere varene på scenen.