Alf van der Hagen om Ingvar Ambjørnsen

page view image
Event date

Wednesday 20 Nov 2024 18:00

Ends Wednesday 20 Nov 2024 20:00
Calendar entry will adapt to your local time zone
order

Available items

Vaksen
event image

Event information

Alf van der Hagen har gjeve ut den kritikarroste samtaleboka «Ønsk meg heller god tur». Gjennom ni lange kveldar og netter i Hamburg har Ingvar Ambjørnsen fortalt sitt liv i openhjarta samtalar, og i boka til van der Hagen får lesarane vere med som floge på veggen. I dette foredraget fortel Alf van der Hagen om Ingvar Ambjørnsen sitt spanande liv: om oppveksten i Larvik som friluftsmenneske og speidar i barndomen, som naturvernar i ungdomen med sterk bekymring for framtida til kloden. Seinare slutta han seg til «frikarane», ei salig blanding av freakere, kunstnarspirer og småkriminelle, før han flytta frå byen og tok arbeid på psykiatrisk avdeling på sjukehus i Lier og i Bergen. Van der Hagen fortel om Ambjørnsens år på landbrukshøgskule i Ulvik, om debuten på eige forlag i Bergen, om år etter år utan fast adresse i Oslo før han flytta til Hamburg i 1985 og vart ein av Noregs mest produktive og populære forfattarar.

Organizer
Sentralbadet Litteraturhus