page view image

Møt Marit Eikemo

Forfattarmøte med Marit Eikemo, som kjem heim med rykande fersk bok i veska: "Vi er brødrene Eikemo"!

Information
event image

Marit kjem heim til Berjaflotvegen i Odda. Den 86 år gamle far hennar, Per Eikemo, er den siste som bur att i den fire etasjar høge generasjonsbustaden som blei bygd av far hans, og som lenge romma både fleire generasjonar Eikemo og leigebuarar. No er det stille. Marit går gjennom etasjane og romma, og gjennom bilda ho ser, og gjenstandane ho plukkar opp, blir historiene frå huset vekt til live: frå hennar eigen oppvekst og tilbake til dei tidlege åra til foreldregenerasjonen.

Då far til Per døydde i ei fallulykke på femtitalet, etterlet han seg kone og fem søner. Den 14 år gamle Per var nøydd til å stå for inntektene til huset og blei ein farsfigur for dei fire yngre brørne. Ein tung arv forplanta seg nedover generasjonane. Alle prosjekta som brørne har halde gåande gjennom åra - bygging av båtar og bilar, amerikareiser, etablering av idrettslag, maratonløp, skihopping og bygging av ulovlege småhytter på vidda - har skjedd i skuggen ulykka. Huset i Berjaflotvegen står att som eit bilde på ein tidsepoke, og kva vil då vere att av alt dette når heller ikkje Per lenger vil bu der for å passe på?

«Vi er brødrene Eikemo» er ein personleg sørgesong og ei kjærleikshistorie om alt som går tapt. Marit Eikemo fortel med varme og innsikt om det skjøre i livet, om ein far og ei dotter, om ein familie, om ei slekt, om industristaden Odda, om ei tid og eit lite stykke Noreg.

Boksal, open kafé og bar. 

Arrangementet er støtta av Kulturrådet og Fritt Ord.